Cosima Arabella-Asereba Kiesbauer (), kjend som Arabella Kiesbauer, er ein tysk-ghanesisk-austerriksk programleiar, forfattar og modell. Ho er dotter av den tyske skodespelaren Hannelore Kiesbauer og den ghanesiske ingeniøren Sammy Ammissah, men vaks opp med bestemoren i Wien etter at foreldra vart separerte.

9. juni 1995 var ho målet for eit bombeangrep då den austerrikske terroristen Franz Fuchs sendte ei brevbombe til ProSieben-studioet der ho arbeidde. Assistenten hennar, som opna brevet, vart skadd av bomba.

Eurovision Eurovision Song Contest 2015 På ein pressekonferanse 19. desember 2014 vart Kiesbauer presentert av Österreichischer Rundfunk som ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, saman med Mirjam Weichselbraun, Alice Tumler og green room-programleiar Conchita Wurst. Saman med Weichselbraun, Tumler, Wurst, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.

Fotnotar

Kategori:Folk frå Wien Kategori:Austerrikske programleiarar Kategori:Austerrikske forfattarar Kategori:Austerrikske modellar Kategori:Eurovision Song Contest 2015 Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar