Jan Peter Balkenende () er ein nederlansk politikar som var statsminister i Nederland frå 22. juli 2002 til 14. oktober 2010. Han høyrer til dei nederlanske kristelegdemokratane Christen-Democratisch Appel.

20. februar 2010 søkte han om avskjed då det nederlandske arbeidarpartiet trekte seg frå koalisjonsregjeringa hans, fordi dei ikkje ville gå med på forlenging av Nederland sitt militære engasjement i Afghanistan. Balkenende blei sitjande som statsminister fram til nyvalet i mai 2010.

Kategori:Nederlandske politikarar Kategori:Nederlandske statsministrar