Magdalena er den viktigaste elva i Colombia. Ho strøymer nordover ca. 1528 kilometer gjennom den vestlege halvdelen av landet til ho tømmer seg gjennom eit delta mot Det karibiske havet. Elva er farbar gjennom mykje av den nedre delen, sørover så langt som til byen Honda i Tolima-departementet, trass skiftande sandbankar ved deltamunningen. Elva renn gjennom Magdalena-dalen. Ho har namnet sitt frå den bibelske figuren Maria Magdalena.
Nedslagsfeltet dekker ei flate på 273 000 kvadratkilometer, som er 24 % av arealet av landet, og der 66 % av folkesetnaden bur.
Elvefaret mini|venstre|'Båt på Magdalena, akvatint frå ca. 1860 av Ramón Torres Méndez venstre|mini|Frå Santa Cruz de Mompox høgre|mini|Frå byen Honda høgre|mini|Frå El Banco Utspringet til Magdalena finn ein i den sørlege delen av Colombia, i Huila-departementet, der Cordillera Central og Cordillera Oriental i Andes skil seg. Elva renn deretter austom nord i ein stor dal mellom dei to cordilleras. Ho når slettelandet på ca. ni grader nord, bøyer deretter mot vest i ca. 100 km, deretter nordover igjen, og når Det karibiske havet ved byen Barranquilla i ei sone kjent som Bocas de Ceniza.
Biologi Fisk Magdalena-bassenget, som inkluderer Cauca og andre sideelvar, er svært fiskerikt. I 2008 kjente ein 213 ulike fiskeartar i vassdraget.Maldonado-Ocampo; Vari; and Usma (2008). Checklist of the Freshwater Fishes of Colombia. Biota Colombiana 9: 143–237. Etter den tid har ein skildra fleire nye artar i bassenget, til dømes fem i slekta Hemibrycon i 2013,Román-Valencia; Ruiz; Taphorn; Mancera-Rodriguez; and García-Alzate (2013). Three new species of Hemibrycon (Characiformes: Characidae) from the Magdalena River Basin, Colombia. Rev Biol Trop. 61(3): 1365-1387. to i Ancistrus i 2013Taphorn; Armbruster; Villa-Navarro; and Ray (2013). Trans-Andean Ancistrus (Siluriformes: Loricariidae). Zootaxa 3641(4): 343–370. og ein Grenmaller i 2014.Ballen; and Mojica (2014). A new trans-Andean Stick Catfish of the genus Farlowella Eigenmann & Eigenmann, 1889 (Siluriformes: Loricariidae) with the first record of the genus for the río Magdalena Basin in Colombia. Zootaxa 3765(2): 134–142. Blant dei meir kjende artane i bassenget er Caquetaia umbrifera, Ctenolucius hujeta, Geophagus steindachneri, Ichthyoelephas longirostris, Panaque cochliodon, Pimelodus blochii, Potamotrygon magdalenae, Prochilodus magdalenae, Pseudoplatystoma magdaleniatum og Salminus affinis. Om lag 55 % av fiskeartane i bassenget er endemiske, inkludert fire endemisk biologiske slekter av fiskar. Generelt viser fiskefaunaen samband med nærliggande vassdrag, særleg Atrato og Maracaibo, men i mindre grad òg Amazonas-Orinoco.Freshwater Ecoregions of the World: Magdalena - Sinu. Henta 6. april 2015.
Det har vore ein drastisk nedgang i samla årleg fiskefangst med eit fall i volum på ca. 90 % mellom 1975 og 2008.Lasso; Agudelo-Córdoba: Jiménez-Segura; Ramírez-Gil; Morales-Betancourt; Ajiaco-Martínez; Gutiérrez; Usma-Oviedo; Muñoz-Torres; and Sanabria-Ochoa (2011). I. Catálogo de los recursos pesqueros continentales de Colombia. Serie Editorial Recursos Hidrobiológicos y Pesqueros Continentales de Colombia. Bogotá (Colombia): Instituto de Investigación de Recursos Biológicos Alexander von Humboldt (IAvH). Det primære trugsmålet er forureining, til dømes frå menneskeleg avfall, gruvedrift og jordbruk. Avskoging fører med seg erosjon og siltasjon, habitatstap ved dambygging er eit anna trugsmål. Nye dammar er under konstruksjon, inkludert El Quibo, med forventa drift i 2015, og Ituango med forventa drift frå 2018.International Rivers (18 January 2012). Colombia's El Quimbo in Limbo. Retrieved 6. april 2015.International Rivers (18 March 2013). Police Detain Ituango Dam Affected. Retrieved 6. april 2015. Tungmetall har òg blitt påvist i kommersielt viktig fisk i elva.Noreña; Arenas; Murillo; Guío; and Méndez (2012). Heavy metals (Cd, Pb and Ni) in fish species commercially important from Magdalena river, Tolima tract, Colombia. Tumbaga 2(7): 61-76. Per 2002, var 19 fiskeartar i vassdraget klassifiserte som truga.Granado-Lorencio; Serna; Carvajal; Jiménez-Segura; Gulfo; and Alvarez (2012). Regionally nested patterns of fish assemblages in floodplain lakes of the Magdalena river (Colombia). Ecol Evol. 2(6): 1296–1303.
Anna dyreliv Magdalena-elva og dalen kryssar ei rekkje økosystem, som páramo i utspringa i sør, tørrskog i øvre delen av Magdalena-dalen, regnskog i midtvegs, og sumpar og våtmarker i lågare elvefar. Brillekaiman, grøn iguan og brunpelikan lever rikelege i desse økosystema, men andre dyreartar som den vestindiske amerikamanat, ein lokal underart av raudbeintinamu, regnbogeparakitt, spisskrokodille, skjelpaddene Trachemys callirostris, Podocnemis lewyana, Mesoclemmys dahli og Chelonoidis carbonaria (raudfota landskilpadde) er i fare av utrydding. I tillegg er det ein mogleg risiko for spreiing av innførte flodhestar.
Historie Med elvefaret i nord-sør-retning i Sør-Amerika, blei Magdalena naturleg ferdselsveg mellom Det karibiske havet og det indre av dagens Colombia og Ecuador. Fleire karibtalande folk trekte sørover gjennom den vestlege breidda av elva, medan den austlege delen vart busett av muisca-folket, som kalla elva for «Yuma».
Likeins brukte dei spanske conquistadorane som kom til dagens Colombia tidleg på 1500-talet elva til å ta seg inn i det fjellrike innlandet etter at Rodrigo de Bastidas oppdaga og gav namn på elva 1. april 1501. I løpet av den spanske koloniseringa av Amerika, var elva var det einaste transportsambandet mellom Bogotá og hamna ved Cartagena de Indias, og dermed òg einaste sambandet med Europa.
Eit selskap fekk tildelt konsesjon i 1825 for å etablere dampskiptrafikk på Magdalena, men selskapet stengte kort tid etter. Det var regelmessige rutetrafikk med dampbåtar frå 1845. I 1961 opphøyrte drifta av dei siste dampskipa.
I kunst og media Generalen i sin labyrint, av Gabriel García Márquez, er ei oppdikta forteljing om den siste ferda til Simón Bolívar nedover Magdalena, der han vitjar mange byar og landsbyar langs elva.
Mykje av filmen Kjærlighet i koleraens tid finn stad i den historiske, festningsbyen Cartagena i Colombia. Nokre sekvensar viste Magdalena og Sierra Nevada de Santa Marta fjellkjeda.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Magdalena River» frå , den 6. april 2015.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvar i Colombia