mini|Christus i de dødes Rige, 1894

Joakim Frederik Skovgaard () var ein dansk målar og bilethoggar, fødd og død i København. Målaren Peter Christian Skovgaard var far hans.

Skovgaard gjekk i lære hos far sin i København. I fyrste halvdelen av 1880-åra studerte han målarkunst i Paris og reiste deretter rundt i Italia og i Hellas.

Han busette seg i fødebyen i 1884, og heldt fram å måle bilete i ein realistisk stil der han skildra kvardagslivet. Kringom 1890 tok han i større grad opp religiøse motiv i kunsten sin. I åra mellom 1895 og 1913 arbeidde han med livsverket sitt, utsmykkinga av Viborg domkyrkje. Her laga han mange store freskomåleri «i ein mild, tung og traust stil».Norsk Allkunnebok IX. 1960 Eitt av måleria vart seinare flytta til Christianskirkjan i Klaksvík på Færøyane. Også høgkoret i Lund domkyrkje er utsmykka av Skovgaard.

Skovgaard dreiv også med keramikk og var ein flink teiknar og raderar. Han var elles aktiv som bilethoggar, mellom anna som skapar av verk knytt til fontener.

Notar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joakim Skovgaard» frå , den 29. mars 2015.

Kategori:Danske målarar Kategori:Tilsette ved Det Kongelige Danske Kunstakademi Kategori:Mottakarar av Thorvaldsenmedaljen Kategori:Eckersbergmedaljen Kategori:Folk frå København