Agder Folkehøgskole er ein frilynt folkehøgskule i Kristiansand kommune i Agder fylke.

Det er Agder Høgskolelag som eig og driv skulen. Laget er danna av Agder folkehøgskoles venneforening, Kristiansand kommune og Agder fylke.

Skulen ligg ved skjergarden i Søgne, innanfor Ny-Hellesund. Agder Folkehøgskole har 115 elevplassar, og ein kan velja om ein vil bu i enkelt- eller dobbelthybel. Elevane bur på internatet til skulen. Hovudinternatet er delt opp i 6 delar fordelte på 3 etasjar. I tillegg bur nokre elevar i leilegheiter og på kurssenteret til skulen, populært kalla hotellet.

Linjer I skuleåret 2026/2027 og 2027/2028 har folkehøgskulen følgjande linjer:

Checkpoint Charlie - ei reise i europeisk historie Biologi - Dyreliv og Naturglede Film- og Videoproduksjon Friluftsliv og Foto Global Utvikling Kunst - kultur Norwegian Language and Culture Reiseliv NaturAktiv Reiseliv og Utvikling

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folkehøgskular i Agder Kategori:Skular i Kristiansand