Baga er ein by i Borno-staten i Nordaust-Nigeria. Baga ligg ved Tsjadsjøen, og hadde ved inngangen av 2015 ca. 10 000 innbyggjarar. Staden ligg nordaust for den historiske byen Kukawa og rundt 196 km frå Maiduguri, delstatshovudstaden i Borno.
venstre|mini|Baga ligg på ei halvøy i Tsjadsjøen på dette kartet frå 1973.
Baga var tidlegare ein fiskarlandsby som låg like ved Tsjadsjøen. I 1960- og 1970-åra låg han like ved sjøen, men ettersom Tsjadsjøen har krympa har fiskarane måtta flytta. I 2000 blei Doron Baga-fiskemarknaden halden rundt 6 km frå byen. Innbyggjarar som ikkje har flytta har i staden gått over til å driva med landbruk.
Terroriståtak I april 2013 blei over 185 menneske drepne og over 2000 heimar øydelagde i Baga gjennom kampar mellom den nigerianske hæren og islamistgruppa Boko Haram.
I januar 2015 blei staden nok eingong angripen av Boko Haram. Militærbasen ved landsbyen blei teken, husa i landsbyen blei brende og innbyggjarane blei drepne. Flyktningar rapporterte om 2000 døde. Innbyggjarane i Baga flykta til trygge stader i Borno og til nabolandet Tsjad.
Satellittbilde frå 2. og 7. januar blei gjevne ut av Amnesty International og viste at rundt 620 bygningar var blitt skadde eller øydelagde av brann. I Doron Baga (eller Doro Gowon), rundt 2,5 km unna, var fiskebåtane forsvunne og «meir enn 3 100 strukturar var skadde eller øydelagde av brann.»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Baga, Nigeria» frå , den 26. januar 2015.
Kategori:Byar i Borno