Alfa (Α, α) er den første bokstaven i det greske alfabetet. I nygresk språk står alfa for vokalen [a] og vert uttalt tilnærma likt vokalen og den latinske bokstaven A i norsk språk.

Bokstaven og namnet alfa vert brukt i mange samanhengar utanom gresk språk, ofte i tydinga «den første»:

Alfabet; er sett saman av dei to første bokstavane i det greske alfabetet, alfa og beta I ymse uttrykk, som jonisk «alfa og omega» («det første og det siste»)

Naturvitskap I astronomi: den lysaste stjerna eit stjerneteikn (til dømes Alfa Centauri; hovudstjerna i det næraste nabostjernesystemet vårt, omtrent 4,3 lysår unna) I åtferdsbiologi: Alfa-hannen/-hoa er det leiande individet i ein flokk, til dømes ein ulveflokk I fysikk: eit mål på dei elektromagnetiske kreftene som held dei grunnleggande byggesteinane i materien saman alfastråling er radioaktiv stråling I medisin: mange samanhengar, td. alfablokkar (blokkerer alfa-reseptorar)

Kultur Transport: Alfa Romeo; heitte opphavleg berre ALFA – Anonima Lombarda Fabbrica Automobili, men skifta namn til Alfa Romeo I 1915 då Nicola Romeo tok over fabrikken Ubåtar: ein klasse ubåtar heiter «Alfa-klassen» Datavitskap: Krøllalfa: @ Alfa-versjonen av programvare er ein tidleg versjon som til dømes vert nytta til interne testføremål Underhaldning: Alfa er ein figur i TV-serien Sesam Stasjon

Kategori:Det greske alfabetet