Tana (nordsamisk Deatnu, offisielt Tana kommune/Deanu gielda) er ein kommune i Finnmark fylke. Han grensar til kommunane Gamvik og Berlevåg i nord, Nesseby i aust, Karasjok i sør, Porsanger og Lebesby i vest, og er eit geografisk og kommunikasjonsmessig knutepunkt i Aust-Finnmark. Tana grensar også til den finske kommunen Utsjoki. Utsjoki ligg sør for Polmak og aust for Tanaelva.
Ein kan passera grensa ved Polmak eller over Samelandsbrua mellom Roavvegieddi og bygda Utsjok.
Dei viktigaste næringane i Tana er jordbruk, reindrift, bergverk, bygg/anlegg og tenesteyting. Tana er ein trespråkleg kommune der ein snakkar norsk, nordsamisk og finsk. Kommunen har fått namn etter Tanaelva, som på samisk heiter Deatnu og på finsk Teno (Storelva). Tanafjorden har òg fått namn etter elva.
Historie Eidet mellom Tanaelva og Karlebotnmyrene ved Gollevárri er sperra av det største fangstsystemet for villrein i Noreg. Anlegget har 530 fallgraver.Svein Askheim m. fleire. Tana. Store norske leksikon. Vitja 9. juli 2020
Kommunen blei skipa i 1837 i samband med at Formannskapslovene tredde i kraft. Fram til 1914 omfatta kommunen også Gamvik og Berlevåg. 1. januar 1964 blei nabokommunen Polmak kommune del av Tana.
Geografi Fjordar i kommunen er mellom anna Leirpollen og Tanafjorden.
Stangnestind er den høgaste toppen på Varangerhalvøya, på 724 moh.Askheim, Svein: Austertana i Store Norske Leksikon, 18. mars 2020
I bygda Austertana ligg den lengste sandstranda i Noreg.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for noverande Tana kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Tana 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Polmak 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 2010 2453 2906 3041 3285 3111 3331 3232 3044 2912
Tettstad i kommunen Tana bru -
Kjende tanaværingar Reidar Hirsti (1925–2001), redaktør og politikar, frå Bonakas Aage Solbakk (f. 1943), historikar (Båteng) Martin Schanche (f. 1945), rallycrosskjørar, voks opp i Leirpollskogen Ande Somby (f. 1958), jurist, joikar Frank Ingilæ (f. 1967), ordførar (Ap) i Tana kommune Hanne Ørstavik (f. 1969), forfattar Mona Solbakk, (f. 1971), journalist (Båteng) Helga Pedersen (f. 1973), fiskeri- og kystminister 2005–2009 Kristin Størmer Steira (f. 1981), skiløpar Márjá-Liissá Partapuoli (f. 1990), politikar,Márjá-Liissá Partapuoli - Sametinget. Henta 3. mars 2019. duodji-utøvar Ella Marie Hætta Isaksen (f. 1998), musikar
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Finnmark Kategori:Samiske kommunar Kategori:Norske kommunar skipa i 1838