Neil Percival Young,McDonough, Jimmy (2002) s. 37 OC, OM () er ein kanadisk musikar og låtskrivar som vert rekna som ein av dei viktigaste musikarane i sin generasjon. Neil Young. Thomas Erlewine, Stephen. allmusic. Young starta solokarrieren sin i Canada i 1960, før han flytta til California i 1966, der han var med på å starte bandet Buffalo Springfield i lag med Stephen Stills. Seinare vart han medlem av Crosby, Stills & Nash som den fjerde medlemmen i 1969. Han la så ut på ei suksessrik og kritikarrost solokarriere. Debutalbumet hans kom ut i 1968 og karrieren hans har sidan gått over 40 år og over 30 album der han har utforska mange forskjellige musikkstilar. Nettsida til Rock and Roll Hall of Fame skildrar Young som «ein av dei største låtskrivarane og musikarane i rock and roll».rockhall.com - Neil Young - Biography. Henta 19. oktober 2010. Han er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger, først som soloartist i 1995 og sidan som medlem av Buffalo Springfield i 1997.
Musikken til Young er prega av den særeigne gitarstilen og den spesielle falsett/tenor-stemma hans. Sjølv om han òg spelar andre instrument, som piano og munnspel, er det den elektriske og akustiske gitarspelinga som definerer det varierte, grove og melodiske lydbiletet hans. Young har eksperimentert med forskjellige musikkstilar, som swing og elektronisk musikk, er han mest kjend for akustisk folkemusikk og countryrock, eller forsterka hardrock i samarbeid med bandet Crazy Horse. Young har òg nytta element frå nyare stilar som alternativ rock og grunge. Han har påverka grunge såpass mykje at han har vorte kalla «Gudfaren til grunge».
Young har regissert (eller vore med-regissør) fleire filmar under psevdonymet Bernard Shakey, mellom anna Journey Through the Past (1973), Rust Never Sleeps (1979), Human Highway (1982), Greendale (2003) og CSNY/Déjà Vu (2008).
Young har vore ein frimodig talsperson for miljøsaker og velferda til småbønder, og var i 1985 med på å grunnleggje veldedigheitskonserten Farm Aid. I 1986 var Young med på støtte The Bridge School,Welcome to The Bridge School ein utdanningsorganisasjon for barn med store verbale eller fysiske funksjonshemmingar, og heldt årleg konsertane Bridge School Benefit i lag med kona Pegi Young. Young har tre born. Sønene Zeke (i lag med skodespelarinna Carrie Snodgress) og Ben som har cerebral parese og dottera Amber Jean. Young bur i dag på ranchen sin i La Honda i California. Sjølv om han har budd nord i California sidan 1970-åra og ofte syng om amerikanske tema, er han framleis kanadisk borgar. 14. juli 2006 fekk Young Order of Manitoba. Den 30. desember 2009 vart han offiser i Order of Canada.
Biografi Tidlege år: 1945–1966 Neil Percival Young vart fødd i Toronto i Canada den 12. november 1945. Faren Scott Young (1918-2005) var journalist og sportsjournalist som seinare vart kjend i Canada for arbeidet sitt, og mora var Edna «Rassy» Young (1918-1990). Dei gifta seg i 1940 i Winnipeg. Neil var nummer to i familien etter Robert «Bob» Young (1942). Ikkje lenger etter Neil vart fødd, flytte familien til den landlege byen Omemee, som Neil seinare skildra som ein «søvnig liten stad».McDonough 2002. s. 22-42. Omemee oppretta seinare Youngtown Museum som ei hyllest til Young.Youngtown Rock and Roll Museum Young fekk diagnosen diabetes som barn,Neil Young Biography – Discography, Music, Lyrics, Album, CD, Career, Famous Works og Awards> og vart òg råka av polio i 1951.McDonough 2002. s. 44. Etter at han vart frisk att reiste familien på ferie til Florida i USA i 1952 og då dei kom attende flytte dei frå Omemee til Toronto, før dei flytta vidare til Pickering, like aust for Toronto. Det var i denne perioden Young starta å verte interessert i popmusikk som han høyrde på radioen.McDonough 2002. p. 46-54. Då Neil var tolv forlét faren, som då hadde hatt fleire utanomekteskaplege forhold, mora og dei skilde seg nokre år seinare i 1960. Neil reiste då med mora tilbake til Winnipeg, medan broren Bob vart verande med faren i Toronto.McDonough 2002. s. 55-68.
På midten av 50-talet, då han var ti eller elleve, vart Young trekt mot fleire musikksjangrar, som rock and roll, rockabilly, doo-wop, R&B, country og vestleg pop.McDonough 2002. s. 50-51. Young har sagt i intervju at han som ung forguda Elvis Presley og prøvde å verte slik som han. Seinare er Elvis nemnd i mange av tekstane hans.Ostrosser, David. "Neil Young Interview on Gitars." Gitare & Claviers Magazine. Neil Young News, 17 april 1992 Andre tidlege inspirasjonskjelder var Chuck Berry, Little Richard, Fats Domino, The Chantels, The Monotones, Ronnie Self, The Fleetwoods, Jerry Lee Lewis, Johnny Cash og Gogi Grant.McDonough 2002. s. 52-53. Han byrja først å lære seg musikk på ein ukelele av plastikk, før han gjekk over til ein betre ukulele, så ein banjoukulele og ein baritonukulele, alt anna enn ein gitar.McDonough 2002. s. 58-59.
Neil og mora slo seg ned i eit arbeidarklassestrøk i Fort Rouge der den beskjedne og tørrvittige ungdomen starta på Earl Grey Junior High School. Det var her han danna det første bandet sitt, The Jades, og møtte Ken Koblun, som han seinare spelte med i The Squires. På Kelvin High School i Winnipeg spelte han forskjellige instrument i fleire rockeband. Det første stabile bandet hans vart kalla The Squires, med Ken Koblun, Jeff Wuckert og Bill Edmondson. Dei hadde ein lokal hit kalla «The Sultan». Young droppa ut av high schoolMcDonough, Jimmy (2002) s. 103 og spelte i Fort William (i dag ein del av byen Thunder Bay i Ontario), der dei spelte inn fleire demoar med den lokale produsenten Ray Dee, som Young kalla «den originale Briggs»McDonough, Jimmy (2002) s. 105 Det var her Young først møtte Stephen Stills.
Etter han forlet The Squires arbeidde Neil i viseklubbar i Winnipeg, der han første gong møtte Joni Mitchell.McDonough, Jimmy (2002) s. 96 Her skreiv han nokre av dei første og og mest minnerike visesongane sine, som «Sugar Mountain», om tapt ungdom. Mitchell skreiv «The Circle Game» som svar til dette. Winnipeg-bandet The Guess Who (med Randy Bachman som sologitarist) hadde ein hit i Canada med Young sin «Flying on the Ground is Wrong», som var den første store hitten Young hadde som låtskrivar.
I 1965 turnerte Young Canada som soloartist. I 1966, då han var i Toronto, vart han med i Mynah Birds med Rick James som frontmann. Bandet klarte å få platekontrakt med Motown,m en då albumet skulle spelast inn vart James arrestert for tjuvperm frå Naval Reserve.McDonough, Jimmy (2002) s. 139 Etter Mynah Birds vart oppløyst, flytte Young og bassisten Bruce Palmer til Los Angeles.
Buffalo Springfield (1967–1968)
Då dei kom til Los Angeles møtte Young og Palmer Stephen Stills, Richie Furay og Dewey Martin og i lag danna dei Buffalo Springfield. Det var ei blanding av folk, country, psykedelia og rock med dei to sologitarane til Stills og Young som gjorde Buffalo Springfield atil eit kritikarrost band. Den første plata deira Buffalo Springfield (1967) selde godt etter att Stills sin «For What It's Worth» vart ein hitt med hjelp av den melodiske harmonien frå den elektriske gitaren til Young.
Mistru til leiinga deira, arrestasjonen og deportasjonen av Palmer, samt aukande anspent forhold mellom bandmedlemmene, førte til at Buffalo Springfield vart oppløyst. Det andre albumet deira, Buffalo Springfield Again, kom ut seint i 1967, men to av Young sine tre songar på albumet var solospor som ikkje var spelt inn i lag med resten av gruppa.
På mange måtar var desse tre songane på Buffalo Springfield Again ein forsmak på mykje av dei seinare songane til Young sidan dei alle har djupt personlege tekstar. Dei syner òg tre særs forskjellige tilnærmingsmetodar til arrangementet av det som i røynda er ein original folkesong. «Mr. Soul» er den einaste av Young-songane som alle fem medlemmene spelar i lag på. «Broken Arrow» var ein bekjennande folkrocksong som skulle kome til å karakterisere mykje av det Young seinare skreiv. Young eksperimenterte med produksjonen på songen og det er mange lydeffektar mellom kvart vers. Songen opnar med eit utdrag frå Dewey Martin som syng «Mr. Soul» og vert avslutta med hjarteslag. «Expecting to Fly» var ein fyldig produsert ballade med strykarrangement. Jack Nitzsche kalla dette «symfonisk pop».
I mai 1968 vart bandet oppløyst for godt, men for å fullføre platekontrakten sin, gav dei ut eit siste album, Last Time Around, som hovudsakleg bestod av tidlegare innspelingar. Young medverka med «On the Way Home» og «I Am a Child». I 1997 vart bandet innlemma i Rock & Roll Hall of Fame, men Young deltok ikkje på seremonien.
Crazy Horse & CSNY (1968–1970)
venstre|mini|300px|Crosby, Stills, Nash & Young spelar på PNC Arts Center i august 2006. Etter Buffalo Springfield vart oppløyst, signerte Young ein platekontrakt med Reprise Records, same selskap som venen Joni Mitchell var på, og som han delte manageren Elliot Roberts med. Roberts er framleis manager for Young. Young og Roberts starta så arbeidet på å det første soloalbumet til Young, Neil Young (November 1968), som fekk blanda kritikk. I eit intervju i 1970 sa Young at han ikkje syntes noko om albumet, fordi det var «overlessa i staden for velspelt», og at søken etter musikken som uttrykker spontaniteten i augneblinken lenge hadde vore eit trekk i karrieren hans. Likevel inneheld albumet songar som har vore faste innslag på konsertane hans, som «The Loner».
På det neste albumet hans rekrutterte Young tre musikarar frå bandet The Rockets: Danny Whitten på gitar, Billy Talbot på bassgitar og Ralph Molina på trommer. Desse tre tok namnet Crazy Horse (etter den historiske personen med same namn) og Everybody Knows This Is Nowhere (mai 1969), er tilskriven «Neil Young with Crazy Horse». Det vart spelt inn i løpet av berre to veker. Albumet opnar med ein av dei mest kjende songane til Young, «Cinnamon Girl», og er dominert av to andre, «Cowgirl in the Sand» og «Down by the River», som er lange songar der Young verkelge får vise fram dei særeigne gitarsoloane sine. Young skreiv visstnok desse tre songane same dag medan han låg til sengs med feber.
Kort tid etter at Everybody Knows This Is Nowhere kom ut, slo Young seg igjen i saman med Stephen Stills i Crosby, Stills, & Nash, som då alt hadde gjeve ut eit album som ein trio. Young fekk opphavleg berre tilbodet om å vere med som sidemann, men vart først med då han fekk full medlemskap i gruppa som Crosby, Stills, Nash & Young.McDonough, Jimmy (2002) s. 313 Kvartetten debuterte i Chicago den 16. august 1969 og seinare på den kjende Woodstock Festival, der Young hoppa over det akustiske settet og nekta å verte filma. Han sa til kameramannen: «One of you fuckin' guys comes near me and I'm gonna fuckin' hit you with my guitar».McDonough, Jimmy (2002) s. 318–320 Under innspelinga av det første albumet deira, Déjà Vu, krangla musikarane mykje, særleg Young og Stills som kjempa om å få kontrollen i bandet. Stills kritiserte Young gjennom det livslange forholdet deira og sa at han «ønskte å spele folkemusikk i eit rockeband».McDonough, Jimmy (2002), s. 324 Trass i spaningane var Young sin periode med CSNY den mest kreative og suksessrike perioden til bandet, og medverka òg sterkt til den påfølgjande suksessen Young hadde som soloartist.