Vladimir Trofimenko () er ein sovjet-russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Syzran. Han deltok for Sovjetunionen i stavhopp og vart europameister i øvinga i 1978.
Aktiv Trofimenko presterte sterke 5,37 meter innandørs i 1974. To år seinare vann han sin einaste sovjetiske meistertittel i stavhopp, men fekk ikkje plass i OL-troppen. Under europameisterskapen i friidrett 1978 sigra han med eit hopp på 5,55 meter, framom finnane Antti Kalliomäki og Rauli Pudas. Same sesongen gjorde han sitt livs beste stavhopp då han svinga seg over 5,61 meter.
Året etter fekk ein bronsemedalje i den europeisk hallmeisterskapen med 5,45 meter, slått av Władysław Kozakiewicz frå Polen og sin eigen landsmann, Konstantin Volkov. Same sommaren vart han nummer to i sovjet-meisterschapen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1978 i Praha: Gullmedalje – 5,55 m, framom Antti Kalliomäki (5,50 m)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wladimir Trofimenko» frå , den 14. august 2014.
World Athletics
Kategori:Sovjetiske stavhopparar Kategori:Russiske stavhopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen