Whitlockitt er eit trigonalt mineral som er nokså utbreidd i meteorittar og som er kjent frå månebergartar. Strukturundersøkingar viser at samansetjinga er Ca9MgH(PO4)7 og ikkje Ca3(PO4)2 som tidlegare trudd. Mineralet er kjent som eit sjeldant mineral frå apatittførekomstane ved Ødegården i Bamble.
Det er kalla opp etter den amerikanske mineralogen H. P. Whitlock (1868–1948).
Kjelder Whitlockitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/whitlockitt.
kategori:Kalsiummineral kategori:Magnesiummineral kategori:Fosfatmineral kategori:Trigonale mineral