Imtan (arabisk امتان) er ein landsby i As Suwaydā' guvernement, sør i Syria. Imtan ligg 37 km søraust for byen As Suwaydā', 1189 meter over havet i sørlege delen av Jabal el Druze. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Imtan eit folketal på 2 495 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Al-Suwayda guvernement.

Historie Ein trur at landsbyen har vore busett sidan 6000 fvt., sjølv om det er få spor støttar dette. Imtan har mange arkeologiske funn frå mange periodar, inkludert ruinane av romerske bad.

I 1596 stod Imtan oppført i osmanske skattelister som al-Mubattan og var ein del av Bani Malik as-Sadir nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av sju hushaldningar og to ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 211.

Landsbyen spelte ei viktig rolle i det store syriske opprøret mot Frankrike i 1925.

Folkesetnad Landsbyen er hovudsakleg busett av drusarar. Innbyggjarane er velutdanna, og staden er heimstad til over 300 universitetselevar, blant dei 80 ingeniørar og 68 legar.

Innbyggjarane driv mykje dugnadsarbeid på grunn av mangelen på offentlege tenester. Dei har i lag bygd ein skule, eit legesenter og eit daglegvarebutikk.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Imtan» frå , den 6. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Salkhad-distriktet Kategori:Arkeologiske funn i al-Suwayda guvernement Kategori:Landsbyar i Syria