MF «Vikingen» var ei bilferje bygt i 1957 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD).

Ferja vart sett inn i ruta Kinsarvik-Utne-Kvanndal fram til 1966, i tillegg til at ho vart nytta som reserveferje. I perioden 1967-1970 gjekk ho i ruta Halhjem-Våge-Bruntveit, og fram til 1975 i ruta Ulvik-Brimnes, i tillegg til at ho igjen vart nytta som reserveferje. I 1972 fekk ferja ny og kraftigare motor. Frå 1975 til 1980 gjekk ferja i ruta Leirvik-Utbjoa-Sydnes-Fjelberg eller Leirvik-Valevåg-Mosterhavn, og fram til 1983 i ruta Leirvik-Utbjoa-Sydnes-Fjelberg eller Leirvik-Ranavik-Sunde. Ferja vart berre nytta som reserveferje i 1983-1984, men så vart ho sett inn i ruta Flatråker-Jektevik-Nordhuglo fram til 1987. I perioden 1985 til 1988 vart ho òg nytta i ruta Bruravik-Brimnes. Frå 1987 til 1989 låg ferja i opplag. mini|venstre|MF Vikingen ved Jektevik i 1985. Foto Harald Sætre

I februar 1989 vart ferja seld til Eide Shipping Ltd. A/S, Høylandsbygd/Bergen og fekk namnet «Sun Flower», men alt i april 1990 vart ho seld til Pontos Bunker Service i Kalmar i Sverige. Der fekk ho namnet «Nordöland» og gjekk i rute mellom Byxelkrok på Öland til Oskarshamn fram til 1995. I 1995 vart ho seld til ein ukjend eigar i Hudiksvall og fekk namnet «Singapore II». Ferja vart seld til Restauranga AB Catten i 1998. Bildekket vart innbygd og ferja fekk namnet «Harley-Davidson I». Ho vart då nytta som restaurantbåt i Stockholm fram til ho vart seld i 2007.

Det var planar om å opne eit restaurantskip i Luleå i 2012, men desse planane vart skrinlagte då båten var i for dårleg forfatning.

Kjelder Skipet.no Fjordfähren.de

Bakgrunnsstoff To bilete av M/F «Vikingen». M/F «Vikingen» ved Gjermundshavn på 1980-tallet.

Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1957 Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:1957 i Noreg Kategori:Svenske ferjer