mini|«Eidsvold 1814» av Oscar Wergeland. Grunnlovsjubileet i Noreg i 2014 var ei offentleg markering av at det i 2014 var 200 år sidan den norske grunnlova blei vedteken. Stortinget arrangerte ei stor jubileumsfeiring av Grunnlova, der ikkje berre hendingane på Eidsvoll i 1814 skulle feirast, men òg det som vert oppfatta som fruktene av desse hendingane.
Jubileet skulle informere om og feire demokrati, deltaking, menneskerettar, jamstilling, rettferd, ytringsfridom, integrering, makt og styring, institusjonane i demokratiet og dei historiske hendingane som har stått sentralt i utviklinga av demokratiet i Noreg.Måldokument
Hendingar Den offisielle opninga av grunnlovsjubileet fann stad ved Eidsvollsbygningen søndag 16. februar klokka 20.14.Folkets jubileum er offisielt i gang Kongen, dronninga, kronprinsen og kronprinsessa tok del i arrangementet. Stortinget ved stortingspresident Olemic Thommessen var vertskap. Regjeringa vart representert ved mellom anna statsminister Erna Solberg.
De viktigaste hendingane i 1814-feiringa markerer 200 år sidan: 14. januar - Kieltraktaten vart signert i Kiel 16. februar - Notabelmøtet vart halde på Eidsvoll 10. april - Riksforsamlinga vart samla på Eidsvoll 17. mai - 17. mai-grunnlova vart vedteken på Eidsvoll 14. august - Mossekonvensjonen der Noreg ga avkall på sjølvstende 4. november - Novembergrunnlova vart vedteken i Christiania
Eidsvollsbygningen mini|Eidsvollsbygningen etter oppussing. Bilete frå februar 2014. Til 200-årsmarkeringa vedtok staten at Eidsvollsbygningen med paviljongane og hagen så vidt mogleg skulle førast attende til situasjonen i 1814. Statsbygg saman med Eidsvoll 1814 og Riksantikvaren fekk i oppdrag å stå for restaureringa til ei kostnadsramme på 384 millioner kroner. Etter bygningshistoriske undersøkingar vart restaureringa starta i september 2011.Eidsvollsbygningen frå Statsbygg
Det mest omfattande inngrepet blei attreisinga av kjellaretasjen, som blei fjerna fullstendig under istandsettinga før 1914 på grunn av byggskadar. Kjellaren inneheldt tenarrom, kjøken og rom for andre hushaldsformål. Den vart oppfatta som naudsynt for å formidle forståinga av korleis dagleglivet arta seg for to hundre år sidan, og særleg korleis det var praktisk mogleg å avvikle riksforsamlinga i 1814 med overnatting for mange og korleis det vart ordna med mat for endå fleire.Eidsvollsbygningen/Den glemte etasjen frå Statsbygg Den nyrestaurerte bygningen vart overlevert 16. februar 2014.Hurra for Eidsvollsbygningen! frå Statsbygg
Organisering Stortinget hadde det overordna ansvaret for grunnlovsjubileet. For planlegging og koordinering hadde Stortingets presidentskap peika ut ein komité.Mandat for Hovedkomiteen Komiteen satt ned eit arbeidsutval som hadde det daglege arbeidet med jubileet.Medlemmer av Hovedkomiteen og arbeidsutvalget Til støtte for arbeidsutvalet var det danna eit sekretariat.Sekretariatet for grunnlovsjubileet
Kristian Fredrik-statuen I høve jubileet vedtok Stortingets presidentskap i januar 2013 at det skal reisast ei statue av Kristian Fredrik på Eidsvolls plass framfor Stortinget i Oslo.Invitasjon til prekvalifisering: Christian Frederik-monument frå KORO Etter utlyst konkurranse blei Kristian Blystads utkast valt.Slik blir Christian Frederik-statuen fra NRK
Statuen vart avduka av dronning Margrete av Danmark 18. mai 2014.Kong Christian Frederik på plass foran Stortinget Osloby/Aftenposten (vitja 18. mai 2014)
Jubileumsmyntar 16. februar 2014 gav Noregs Bank ut to jubileumsmyntar som markering av 200-årsjubileet: Ein 20-krone-myntGrunnlovens 200-årsjubileum, 20-krone minnemynt 2014 , Norges Bank og ein 200-krone-mynt i sølv. Dei er utforma av Esther Maria Bjørneboe.
Arrangement og utstillingar mini|Himmelseng frå utstillinga 1814 – Spillet om Danmark og Norge på Norsk Folkemuseum. Senga har tilhøyrt Karl III Johan. Lista er ikkje fullstendig. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide henne! GrunnLove – Rikskonsertane og Norsk kulturskoleråds feiring heile året landet rundt. 1814 – Spillet om Danmark og Norge – Norsk Folkemuseums utstilling 14. januar–31. juli 2014 Tidsbilder. Norge 1814 – Nasjonalgalleriet 17. januar–18. mai 2014
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Grunnlovsjubileet i Norge 2014» frå , den 5. mars 2014.
Bakgrunnsstoff Grunnlovsjubileet frå Stortinget Eidsvoll 1814 Forskningsrådets satsing Ressursside om Grunnlovsjubileet 1814-2014 frå Nasjonalbiblioteket
Kategori:Hendingar i 2014 Kategori:2014 i Noreg Kategori:1814 i Noreg