Martin Cirque er ein markant dalbotn, 3,5 km nordvest for Mount Newall i Asgard Range, som ligg i sørveggen av Wright Valley mellom Dentonbreen og Nichols Range. Dalbotnen er 2 km brei og ligg 850 moh. Han er nesten heilt isfri. Botnen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (1997) etter Craig J. Martin, som var 10 år i Antarktis i samband med bygging og ingeniørprosjekt ved Siple, Sørpolen og McMurdo-basen og forskjellige feltleirar i McMurdo Dry Valleys frå 1977. Frå 1989 var han direktør og ingeniør i Antarctic Support Associates (ASA), med ansvar for oversyn over bygging og vedlikehald som direkte støtta amerikansk forsking i Antarktis.
Kjelder
Kategori:Dalbotnar i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys