Studentmållaget i Stavanger (SmiS) er eit lokallag i Norsk Målungdom. Laget dekkjer heile Rogaland, men held til i Stavanger. Laget har som føremål å fremja nynorsk og dialekt på alle samfunnsområde, men med hovudtyngd på språklege rettar blant studentar i Rogaland. Leiar i laget er Ingunn Vespestad Steinsvåg (f. 1995) frå Stord i Hordaland.

SmiS vart skipa i 2006, før Studentmediene i Stavanger vart skipa med same forkorting (SmiS). I 2013 vart SmiS skipa opp att etter å ha lege nede nokre år.

I 2016 var SmiS vertskap for den årlege studentsamlinga, der studentar frå heile landet deltok. Dette var første gong samlinga vart halde i Stavanger.

Sjå òg Studentmållaget i Oslo Studentmållaget i Bergen Studentmållaget i Nidaros Ås Studentmållag

Kategori:Nynorsk Kategori:Noregs Mållag Kategori:Norske språkorganisasjonar Kategori:Norske studentorganisasjonar Kategori:Norsk Målungdom Kategori:Studentmållag Kategori:Norske studentlag Kategori:Skipingar i 2006 Kategori:Kultur i Stavanger