mini|Julekonsert i ei svensk kyrkje. mini|Julegruppe (Christmas band) i Cape Town i 2001. mini|Korps held utandørskonsert på juledagen i Bollington i England i 2016.

Julemusikk omfattar ei rekke ulike typar musikktypar knytte til juletida, frå klassisk instrumentalmusikk og juleoratorium til meir folkelege julesongar med tekstar som kan knytta dei til juleevangeliet, julefeiring, julefigurar eller vinteren. Julemusikk kan framførast eller spelast i kyrkjer, på konsertar, i butikkar og handlesenter, privat og ved festar.

Historie Musikk knytt til jul kan førast tilbake til Romarriket på 300-talet, med latinske hymne som «Veni redemptor gentium».Miles, Clement, Christmas customs and traditions, Courier Dover Publications, 1976, , s. 32 Etterkvart blei det også laga julesongar på folkespråk, mellom anna under påverknad frå Frans av Assisi.Miles, s. 31–37 I engelsk tradisjon blei det laga carolar, songar ein kunne dansa til, til jul. I 1426 nemnde John Awdlay 25 caroles of Cristemas i eit verk, truleg songar framørte av vandrande wassailerar.Miles, s. 47–48 På 1500-talet blei det skrive fleire julesongar som framleis blir sungne, som «Det hev ei rose sprunge» og «Å juletre» (på tysk) og «God Rest You Merry, Gentlemen».

Johann Sebastian Bach sitt juleoratorium, , er ei barokk tolking av juleevangeliet skrive til jula 1734 som er blitt framført ved juletider sidan. Peter Cornelius komponerte eit verk av seks songar knytte til jul kalla Weihnachtslieder.

Andre kjende komponistar har skrive instrumentale verk til jul, som Antonio Vivaldi sin fiolinkonsert RV270 Il Riposo per il Santissimo Natale ('For den alleheilagaste jula') og Julekonsert (1690) av Arcangelo Corelli. Andre klassiske verk knytte til jul er mellom anna L'enfance du Christ (1853–54) av Hector Berlioz, Oratorio de Noël (1858) av Camille Saint-Saëns, Nøtteknekkeren (1892) av Pjotr Iljitsj Tsjajkovskij, Fantasia on Christmas Carols (1912) av Ralph Vaughan Williams og A Ceremony of Carols (1942) av Benjamin Britten.

George Frideric Handel sitt oratorium Messias blir ofte framført til jul. Sjølv om det opphavleg blei skrive for å framførast til påske, dekkjer det delar av den kristne juleforteljinga.

Døme

Kjende norske julesalmar Eit barn er født i Betlehem Frå høge himmel kjem eg ned Mitt hjerte alltid vanker

Songleikar Eg gjekk meg over sjø og land På låven sitter nissen Så går vi rundt

Populærmusikk White Christmas, verdskjend gjennom Bing Crosby O helga natt, gjort kjend i Skandinavia av Jussi Björling

Klassisk musikk Händels Messias Bachs juleoratorium

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Christmas musik» frå , den 14. desember 2019.

Musikk