Succession Cliffs er ei rekkje bratte klipper som strekkjer seg over 3 km langs austkysten av Aleksanderøya i Antarktis. Dei vender austover mot George VI Sound like sør for munningen av Plutobreen. Klippene vart truleg oppdaga av Lincoln Ellsworth som fotograferte delar av kysten i nærleiken den 23. november 1935. Dei vart først grovt kartlagde frå bakken i 1936 av British Graham Land Expedition og kartlagde på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey. Dei fekk dette namnet frå FIDS fordi ein geologisk sekven trer fram i eit framspring i klippene.

Sjå òg

Callisto Cliffs Cannonball Cliffs Corner Cliffs

Kjelder

Kategori:Klipper på Aleksanderøya