Roy Magnus Løken () var ein norsk lækjar, og var styreleiar i Direktedemokratane. Han var òg grunnleggjaren og administrerande overlege ved Sentrum Røntgeninstitutt.
Løken starta oppbygginga av ei ny røntgenavdeling ved Nordland Sentralsykehus i Bodø i 1970. I 1976 vart han godkjend spesialist i medisinsk radiologi.
I 1977 starta han oppbygginga av Sentrum Røntgeninstitutt. Då det stod ferdig, tok det berre få år før det vart det største røntgeninstituttet i landet.
Løken har vore medlem av både landsstyret og sentralstyret til Den norske legeforening. Han var elles formann i Praktiserende Spesialisters Landsforening, og i 1991 starta han tidsskriftet Legekunsten, der han var redaktør i 12 år. Han var medlem av styret i Norsk radiologisk forening og starta tidsskriftet deira, Noraforum, der han også var redaktør. Han var også med på oppstarten av Røntgeninstituttenes Felles-organisasjon som han leidde i mange år.
Roy Magnus Løken fekk Kongens fortenestmedalje i 2004 for innsatsen sin.
Kjelder direktedemokratene.no Minneord i Tidsskrift for den norske legeforening.
Kategori:Norske legar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske politikarar