Låvekyrkja eller Heddal låvekyrkje er ei langkyrkje i Notodden kommune i Telemark.

Det er problematisk å varme opp Heddal stavkyrkje om vinteren. På 1990-talet fekk ein løyve til å rive den gamle prestegardslåven og oppføre ein ny i same stil. Låven er innreidd med kyrkjesal i overetasjen og turistkontor med billettsal samt andre kontor i underetasjen. Kyrkja vart innvigd i 1997. Låvekyrkja er vinterkyrkja for Heddal.

Tor Lindrupsen har laga eit krusifiks og teikna liturgiske møbel.

Kjelder Notodden kyrkjelege fellesråd Heddal stavkyrkje

Kategori:Kyrkjer i Notodden Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1997 Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme