mini|Grensa mellom jordatmosfæren og verdsrommet
Verdsrommet eller det ytre rommet er den delen av universet som ligg utanfor atmosfæren til jorda og mellom himmellekamar. Verdsrommet er ikkje heilt tomt, men likner eit vakuum ved at det har ein særs låg partikkeltettleik. I det ytre verdsrommet er trykket ca. 10−14 pascal, kring 10 molekyl per milliliter. Av partiklar finn ein hovudsakleg hydrogen og helium i plasmaform, nøytrinoar og kosmisk støv, i tillegg til elektromagnetisk stråling, magnetfelt og kosmisk stråling.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Outer space» frå , den 18. mai 2019.