Edmund Austigard () er ein norsk forfattar og administrerande direktør i Det Norske Samlaget. Austigard debuterte litterært i 2005.

Han voks opp i Årdal i Hjelmeland kommune og er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt. I tillegg har han to mastergradar frå USA i finans, politisk økonomi og marknadsføring. I 2004 gjekk han på Aschehougs forfatterskole. Året etter kom romanen Krinsereglane. Etter gode kritikkar følgde han opp med Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu i 2007.

Bøkene hans er sagt å representere ei fornying i sjangeren bygdedikting, med parodiar og humor kring kjende tema. Det same ser ein også hjå andre forfattarar som til dømes Olaug Nilssen og Øystein Vidnes.

Edmund Austigard fekk Sigmund Skard-stipendet i 2008.

Krinsereglane I debutromanen sin, Krinsereglane, skildrar Edmund Austigard heimbygda si Årdal i Ryfylke på 1920-talet. Hovudpersonen tenkjer tilbake på den gongen heimbygda fekk to kaffisortar i omløp, og det vart ulik kaffipris på dei to butikkane på staden. Han kjem også innom ein grensetvist mellom to eigedommar på Golandhaugen.

Austigard skildrar eit lukka bygdesamfunn med strenge reglar for korleis ein skal oppføre seg – til dømes folkekrinsane på kaien når rutebåten kjem og korleis ein skal ete aure. «Forfattaren meistrar til fulle kunsten å overdriva, å fortelja ei dryg skrøne – noko som harmonerer godt med miljøet og den munnlege forteljarstilen han har valt,» skriv Eirik Lodén i Stavanger Aftenblad.«Debuterande og fabulerande årdalsbu » av Eirik Lodén på »Aftenbladet.no (20.09.2005). Inger Marie Kjølstadmyr i Nationen utropte han til «årets debutant».«Austigard fra Ryfylke er årets debutant» av Inger Marie Kjølstadmyr på Nationen.no (17.10.2005).

Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu Temaet reglar og samfunnsnormer går igjen i den neste romanen til Austigard. I Taxi for B.A. Beckström er hovudpersonen ein 92 år gammal mann som arbeidde i Statistisk sentralbyrå. Han er svært oppteken av å følgje statistikkane, og er uroa over at han bryt med statistikken berre ved å leve. Undervegs møter han mellom andre ein utanlandsk taxisjåfør, Ali, som han er svært skeptisk til.

I motsetnad til debutromanen, som handla om ei heil bygd, fokuserer Taxi for B.A. Beckström meir på hovudpersonen Beckström. Også denne romanen fekk gjennomgåande gode kritikkar, til dømes skreiv Anne Cathrine Straume i NRK at: «Det er ei forteljing som sprengjer seg ut av dusinet, ut av realismen, og som hevar seg ved hjelp av ein god porsjon sjarm.»«Taxi for B.A. Beckström» av Anne Cathrine Straume på nrk.no (01.11.2007).

Bibliografi Krinsereglane. (Samlaget, 2005) Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu (Samlaget, 2007) Jakta på Bjednekniven (Wigestrand Forlag, 2009). Skriven saman med faren, Jarl Austigard Solskinsbussen (Samlaget, 2011)

Prisar 2008: Sigmund Skard-stipendet

Kjelder «Edmund Austigard» av Marta Norheim i Allkunne, innhenta 29. desember 2009.

Referansar

Bakgrunnsstoff Forfattarpresentasjon hjå Det Norske Samlaget «Svanger med ny bok» av Magnar Riveland på Bygdaposten.no (11.07.2007). «Den gjennomsnittlige umulighet» av Ingvild Bræin på BT.no (23.10.2007).

Kategori:Forfattarar frå Rogaland Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Hjelmeland __INGAINNHALDSLISTE__