Ninnisbreen er ein stor isbre med mange bresprekkar og haugar, som flyt bratt ned frå det høge platået til sjøen i ein vid dal, ved George V Coast i Antarktis. Han vart oppdaga av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen (1911–14) under Douglas Mawson, som namngav han etter Belgrave Edward Sutton Ninnis, som mista livet på ein sledetur under ekspedisjonen den 14. desember 1912 då han fall gjennom ein bresprekk i isbreen.

Utover i sjøen strekkjer Ninnis bretunge seg. I 1962 strekte denne seg 50 km utover i sjøen. Sjå òg Isbrear i Antarktis Isstraumar i Antarktis

Kjelder

Kategori:Isstraumar i Antarktis Kategori:Geografi i George V Land