Ashton James Eaton () er ein USA-amerikansk tidlegare mangekjempar som vann to olympiske gullmedaljar og to gullmedaljar i verdsmeisterskap i tikamp, og eitt VM-sølv. Han var den fyrste som vann fire OL eller VM på rad: OL 2012, VM 2013, VM 2015 og OL 2016. Frå 2012 til 2018 var han verdsrekordhaldar i tikamp. Han er per 2025 den einaste som to gongar har oppnådd 9000 poeng i tikamp.

Aktiv Eaton vart andremann i tikampen under VM i friidrett 2011 i Daegu, drygt 100 poeng bakom landsmannen Trey Hardee. 23. juni 2012 sletta han den elleve år gamle verdsrekorden i tikamp, sett av Roman Šebrle. Ved OL-uttaket i Portland sanka han heile på 9 039 poeng, 13 fleire poeng enn den gamle rekorden. I London-OL seinare same sommaren vart han han olympisk meister, nær 200 poeng over Hardee på sølvplass. Sommaren 2013 vart Easton verdsmeister i tikamp med 8 809 poeng under VM i friidrett 2013 i Moskva. To år seinare forbetra han verdsrekorden med 6 poeng til 9 045 poeng då han forsvarte VM-titelen i Beijing. Under dei olympiske sommarleikane 2016 forsvarte Eaton også den olympiske meistertittelen i tikamp, då han viste den komande verdsrekordhaldaren, franske Kévin Mayer, til andreplass.

Eaton la opp i 2017.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2009 i Berlin: Nr 18 – 8 061 poeng VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 8 505 poeng, bakom Trey Hardee (8 607) OL 2012 i London: Gullmedalje – 8 869 poeng, framom Trey Hardee (8 671) VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 8 809 poeng, framom Michael Schrader (8 670) VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 9 045 poeng, framom Damian Warner (8 695) OL 2016 i Rio de Janeiro:Gullmedalje – 8 893 poeng, framom Kévin Mayer (8 834)

Kjelder

World Athletics

Kategori:Mangekjemparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Folk frå Portland i Oregon