Nordre Bergenhus Amt er eit gamalt namn på Sogn og Fjordane fylke. Nemninga fylke om eit administrativt område slik me kjenner det i dag, er av ny dato. Før 1919 heitte fylka amt.

Bergenhus amt delt i to Bergenhus amt vart i 1763 delt opp i Nordre Bergenhus amt og Søndre Bergenhus amt (seinare Hordaland fylke). Nordre Bergenhus Amt inneheldt dei fire futedøma Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Frå 1. januar 1919 er området eit fylke, Sogn og Fjordane fylke.

Kaupanger-Bergen-Lærdalsøyri-Leikanger Den første amtmannen, Joachim de Knagenhjelm hadde sete på Kaupanger. I tida 1771-1852 budde ingen av fylkesmennene i Sogn og Fjordane; Dei heldt til i Bergen den tida dei var fylkesmenn. Frå 1840 hadde amtmannen sete i Lærdal. I 1862 flytte amtmann Johan Collett Falsen frå Lærdal til Leikanger etter å ha kjøpt garden Nybø. Falsen selde straks etter til Staten ved Opplysningsvæsenets Fond som kjøpte garden til embetsgard. Det skjedde ved kongeleg resolusjon 11. april 1863.Kulturhistorisk leksikon: "Fylkesmannsgarden på Nybø"

Amtmenn 1763–1771 Joachim de Knagenhielm, Kaupanger 1771–1779 Magnus TheisteTheiste vart suspendert frå embetet ved høgsterettsdom 29. november 1779 og frådømt embetet. Frå 1776 fungerte stiftamtmann Schouboe som amtmann. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk 1780–1781 Ditlev von Pentz 1781–1788 Jones Ramus Petersen 1788–1789 Nils Dorph Gunnerus 1789–1794 Peter H. Harboe 1794–1801 Andreas Hjort 1802–1811 Nils Andreas Vibe 1811–1814 Herman Gerhardt Treschow 1814–1822 Christian Magnus Falsen 1822–1831 Edvard Hagerup 1831–1832 Fredrik Riis 1833–1844 Christian Ulrich KastrupFlytte til Lærdal i 1840. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk 1844–1852 Hans Tostrup 1852–1860 Emil AubertAmtmann Aubert vart saman med sokneprest Sverdup heidra med minnestein i Balestrand i 1911 for skipinga av Fylkesbaatane midt på 1800-talet. DigitaltFortalt: Minnestein i Balestrand over skiparane av Fylkesbaatane 1861–1869 John Collett Falsen 1870–1875 Nicolai Ditlev Ammon Ræder 1875–1889 Carl Lauritz Mechelborg Oppen 1889–1902 Olaj Johan Olsen 1902–1910 John Utheim 1910–1918 Ingolf E. Christensen

Sjå òg Bergenhus - om ulike ting med namnet Bergenhus Sogn og Fjordane

Referansar

Kjelder Sogn og Fjordane Fylkeskommune: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk . Sogn og Fjordane Fylkeskommune: Sogn og Fjordane fylke – det første ”Statens Hus” Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane - Kulturhistorisk leksikon: Fylkesmannsgarden på Nybø.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sogn og Fjordane fylke Kategori:Amt i Noreg