Ma′unga Terevaka er den største, høgaste (507 moh.) og yngste av dei tre utdøydde vulkanane som utgjer Rapa Nui på Påskeøya, ei chilensk øy i Stillehavet. Fleire mindre vulkankjegler og krater ligg i fjellsida på fjellet, mellom anna eit krater som inneheld ein av dei tre innsjøane på øya, Rano Aroi.

mini|venstre|Kart over Rapa Nui som syner Terevaka, Poike og Rano Kau.

Terevaka utgjer størstedelen av Påskeøya, men øya har to eldre vulkanske fjell: Poike på austsida og Rano Kau på sørsida. Terevaka hadde det siste utbrotet sitt i pleistocen og er yngre enn 400 000 år gammal. Lavaslettene ved Roiho er daterte til å vere mellom 110 000 og 150 000 år gamle. Terevaka er heller vanskeleg å klatre, og er berre tilgjengeleg til fots eller på hest. Det er vindfullt på toppen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Terevaka» frå , den 19. januar 2014. oppgav desse kjeldene:

Kaneoka I, Katsui Y, 1985. K-Ar ages of volcanic rocks from Easter Island. Bull Volc Soc Japan, 30: 33-36. Vezzoli L, Acocella V, 2009. Easter Island, SE Pacific: an end-member type of hotspot volcanism. Geol Soc Amer Bull, 121: 869-886.

Bakgrunnsstoff Guide til Påskeøya frå Easter Island Foundation Gamle foto av Rano Aroi (oppe til høgre)

Kategori:Utdøydde vulkanar Kategori:Vulkanar i pleistocen Kategori:Kratersjøar Kategori:Vulkanar på Påskeøya Kategori:Skjoldvulkanar